Sidan i vår har arbeidet med Eide Smolt sitt nye settefiskanlegg i Sundal i Kvinnherad kommune pågått. I november kom den fyrste fisken på plass.

Starta arbeidet i vår – no er den fyrste fisken allereie på plass

I det nyrestaurerte settefiskanlegget til Eide Smolt i Kvinnherad sym no den fyrste fisken i kara. Anlegget skal bidra til at oppdrettsselskapet vert meir sjølvforsynt med smolt.

Publisert Sist oppdatert

Eide Smolt kjøpte anlegget til Lerøy Sjøtroll i Sunndal i Kvinnherad kommune tilbake i 2022, og i april 2024 starta byggjearbeidet opp. Dette er det andre settefiskanlegget som selskapet har etablert i kommunen, der Ænes Inkubator var det fyrste. 

Det er Artec Aqua og byggherren H2 Hardanger som bygger anlegget, som etter planen skal ferdigstillast før det nye året smell i gong.

Smolten allereie på plass

Eide skriv på Facebook at den fyrste smolten har blitt overført frå Eidestøa i Eikelandsosen til Sundal i Kvinnherad kommune 15. november.

Slik så settefiskanlegget ut da Eide Smolt overtok fra Lerøy Sjøtroll i Sunndal i 2022. Sidan då har anlegget fått heilt ny drakt, med nye kar og system.

– Flyttinga har gått særs bra, og fisken ser ut til å trivast godt. Det vert spanande dagar for både fisk og tilsette i Sundal framover, skriv oppdrettsselskapet.

Det nye settefiskanlegget inneheld seks oppdrettskar som står utandørs. Kara har ein diameter på 12 meter og eit totalt volum på 2580 m³. 

Det er òg eit teknisk rom på om lag 200 m² for vassbehandling, som inneheld filtrering, UV-behandling og ozonering.

Hybrid-anlegg

Teknologien som smoltprodusenten har valt, er eitt hybrid gjennomstrømsanlegg levert av Artec Aqua, med moglegheit for gjenbruk av inntil 65 % av vatnet.

Det nye anlegget vil vere ganske likt som smoltanlegga i Eidestøa og på Lialaks.

– Totalt har me no tre eigne smoltanlegg og er deleigar i eitt, har prosjektkoordinator Hans Martin Eide i Eide Fjordbruk tidlegare uttalt.

På anlegget i Mauranger har dei per i dag løyve til å produsere inntil to millionar smolt årleg, men verken areal eller vasstilgang avgrensar moglegheita for meir produksjon.

Eide har tidlegare opplyst at dei i fyrste omgang vil ha fire tilsette ved anlegget.

Settefiskanlegget til Eide Smolt i Sunndal, Mauranger i Kvinnherad Kommune.
Settefiskanlegget til Eide Smolt i Sunndal, Mauranger i Kvinnherad Kommune.
Settefiskanlegget til Eide Smolt i Sunndal, Mauranger i Kvinnherad Kommune.
Settefiskanlegget til Eide Smolt i Sunndal, Mauranger i Kvinnherad Kommune.