
Coop selger nå landbasert laks
Som første daglegvarekjede i Norge, tilbyr nå Coop Mega laks frå landbasert produksjon. Dette er laks frå ein produksjonsteknologi som Coop testar i samarbeid med Fredrikstad Seafoods og Domstein.
Denne artikkelen er eldre enn to år.
Det skriv Firdaposten.
- Vi har stor tru på dette produktet, og gler oss til å sjå korleis det blir mottatt av kundane og medeigarane våre, seier kategoriansvarleg Stig-Ove Thorkildson i Coop Norge i ei pressemelding.
Thorkildson fortel at landbasert laks er eit utviklingsprosjekt for daglegvarekjeda.
- Vi startar med fire Coop Mega-butikkar i Oslo i første omgang, i tillegg til Coop Mega Fredrikstad. Laksen vil vere i butikk dagen etter den er slakta i Fredrikstad, så ferskare laks er det vanskeleg å få. Gjennom testprosjektet vil vi finne ut korleis den nye produksjonsteknologien påverkar kvalitet, haldbarheit og smak. Laksen frå Fredrikstad må sjåast på som ekt premium-produkt og vil bli noko dyrare enn konvensjonell laks. Det vil sjølvsagt ta tid å bygge opp produksjonskapasitet, så den landbaserte laksen vil berre vere eit supplement til konvensjonell laks i lang tid, seier han.
Les heile saken her hos Firdaposten.