Hardingsmolt sitt moderne smoltanlegg i Tørvikbygd hadde måndag ei hending der det braut ut brann i anlegget.

Brann hos Hardingsmolt

Dagleg leiar Frode Sandven seier at alt står bra til med folk, utstyr og fisk, etter at settefiskselskapet Hardingsmolt hadde ein brann i anlegget måndag.  

Publisert Sist oppdatert

Hardingsmolt er ein settefiskprodusent lokalisert i kommunane Kvam og Fitjar, som er eigd av Fremskridt Laks AS og Kobbevik & Furuholmen Oppdrett.

Dagleg leiar Frode Sandven skriv på Facebook at det måndag 9. desember vart varsla brann ved Hardingsmolt sitt anlegg i Tørvikbygd på grunn av varmgang ved kapping av eit PE-røyr. 

Han påpeiker at ein tilsett oppdaga flammen og brannvarsling og evakuering vart sett i verk, samtidig som brannen vart slukka med bruk av vatn. 

– Naudetatane vart varsla, men på grunn av rask kontroll rykka brannvesenet berre ut med vaktbil for ein sjekk, men det jobbar tilsette ved anlegget som også er deltidsvaktar hjå dei. Alt står bra til med folk, utstyr og fisk, opplyser Sandven. 

Settefiskselskapet har dei siste åra gjennomført ei omfattande utvikling av RAS-teknologien i Tørvikbygd. Selskapet har 32 tilsette, inkludert lærlingar.