To nye i teamet til Bulandet Miljøfisk
Steinar Haveland Midtbø (55) starta 1. november som ny produksjonssjef i Bulandet Miljøfisk. Månaden før starta Asbjørn D. Løland (38) som ny FoU-leder. Begge ser fram til å videreutvikle det landbaserte selskapet.
Denne artikkelen er eldre enn to år.
Steinar Haveland Midtbø (55) starta 1. november som produksjonssjef i Bulandet Miljøfisk, og administrerande direktør Hans Haddal seier til LandbasedAQ.no at personleg vart han kjend med Midtbø i samband med at selskapet trengte hjelp til å planlegge produksjonen og driftsopplegget for nokre år sidan.
- Fleire av dei andre i teamet vårt hadde arbeidd med Midtbø tidlegare, og det var derfor naturleg for oss å søke råd hjå Scale AQ der han arbeidde. Men etter å ha blitt kjent med Steinar var eg i grunnen aldri i tvil om kven som burde bli produksjonssjef i Bulandet Miljøfisk, fortel Haddal.
- Stor ressurs
55-åringen har lang erfaring frå alle nivå i drifta av eit akvakulturselskap, og har opplevd næringa både som oppdrettar og som rådgjevar.
- For eit selskap som vårt er denne kombinasjonen ein stor ressurs. Me treng både breidda og spisskompetanse som Steinar har innanfor produksjon og driftsoptimalisering. I tillegg er han ein tydeleg og triveleg fyr å vere i lag med. For meg som er over middels oppteken av lag- og kulturbygging er dette ein kombinasjon eg er spesielt svak for, seier Haddal.
Midtbø vil ha den overordna leiinga av alt som har med produksjon og drift å gjere, og vil saman dagleg leiar og teknisk sjef Christian Hatlem Skår utgjere toppleiartroikaen i selskapet.
- I tillegg til planlegging av produksjonen vil også mykje av samarbeidet med våre viktigaste samarbeidspartnarar ligg til Steinar, så som samarbeid med fôrleverandør, brønnbåtreiarlaga og samarbeidspartnarane me kjøper og sel fisk til, opplyser Haddal.
35 år i næringa
Midtbø seier til LandbasedAQ.no at oppdrettsnæringa har frå dag ein vore i utvikling, og utan evna og viljen til omstilling hadde ikkje næringa hatt den betydninga den har i Noreg.
- Eg har hatt gleda av å følge prosjektet i Bulandet over nokre år og har bidratt litt frå sidelinja under vegs i prosessen. Eg har tru på prosjektet og teknologien. Bulandet Miljøfisk er med på å bringe næringa framover og representerer ei viktig utvikling av ny teknologi og kunnskap. Dette forklarer kvifor eg takka ja til jobben som produksjonsleiar.
55-åringen har to års akvakulturstudium ved Høgskulesenteret i Bodø (Nord Universitet), samt eit års studium i Administrasjon og leiing ved Fiskeriteknisk høgskule i Ålesund (NTNU). Midtboe byrja i oppdrettsnæringa i 1987 og har sidan vore tru mot det han kallar ei fantastisk næring.
- Etter utdanninga jobba eg nokre år på Kyrksæterøra som driftsleiar i det som i dag er AquaGen. Derfrå gjekk turen vidare til Firda gruppen, før eg vart med på oppbygginga av GO-fish og Norway Seafarms frå 1997. Då Norway Seafarms vart overtatt av Panfish fulgte eg med dit.
Heile vegen har han jobba med ansvar for produksjon i sjø.
- I 2003 hoppa eg av produksjon og begynte i det lokale programvarselskapet Mercatus i Florø. Der var eg med på ei fantastisk reise med å utvikle, selge og implementere styringsverktøy til bruk i oppdrett. I Mercatus jobba eg globalt og har fått god kjennskap til resten av den lakseproduserande verda. Mercatus er no ein del av Scale AQ. I 2020 kjente eg på at tida var inne til å jobbe med produksjon igjen og takka derfor ja til jobben som produksjonsleiar i Nordfjord Laks AS i Gloppen, legg han til.
- Korleis vil du oppsummere di tid i din forrige jobb?
- I Nordfjord Laks kom eg til eit veldrive selskap. Fokus på fisk og biologi var stort. Særleg interessant var kombinasjonen av laks og aure og moglegheita til å optimalisere bruken av MTB. Eg fekk også gleda av å vere med og sjå at Nordfjord Laks hevda seg heilt i toppen med tanke på tilvekst i regionen. Dette viste meg kva eit lag kunne oppnå når samspelet mellom lokalitetar, folk, fisk og utstyr fungerer, seier Midtbø.
55-åringen er oppvaksen i Norddalsfjord i Kinn kommune og har dei siste 20 åra budd i Florø. Overgangen frå oppdrett i opne merdar til landbasert påpeiker han vert ei stor utfordring.
- Mitt mål er å bidra til at me lukkast med produksjonen og at Bulandet Miljøfisk skaper ein god og trygg arbeidsplass for alle tilsette, sier Midtbø.
Ny Fou-leder
Asbjørn Dyrkorn Løland er også ny tilsett i Bulandet Miljøfisk, og starta i selskapet 1.oktober.
- I stillinga som FoU-leiar vil Asbjørn leie utviklingsoppgåver som spenner ganske vidt i selskapet. Fisken sin velferd og helse skal stå i sentrum for alt me gjer. Vasskvalitet og alt som har med å tilby optimale oppveksthøve i fiskekaret er viktige kunnskaps og utviklingsprosessar i selskapet. Vi skal hente inn kunnskap frå drifta og bruke den til å forbetre oss, opplyser administrerande direktør Hans Haddal.
Løland er ein av dei som har vore lengst med i prosjektet bortsett frå gründarane.
- Då Oddmund Storesund og Ola Sveen spurte meg å hjelpe til med ein søknad om landbasert oppdrett var det viktig å få med nokon som kunne lede kunnskapsarbeidet på biologisida. Då eg forstod at Asbjørn var lysten på å flytte heim til Sogn, var vegen kort til å starte opp Akvahub som eit FoU-selskap i Leirvik i Sogn. Der har han sett spor etter seg, og eg er veldig glad for at Akvahub blir vidareført av andre no som han held fram i Bulandet Miljøfisk i full stilling, seier Haddal.
Han fortel at Løland har stor kapasitet til å sette seg inn i nytt stoff, og til å omsette det han lærer til noko som dei andre i teamet kan forstå.
- Kombinasjonen av å vere så nysgjerrig og analytisk, og samtidig interessert i formidling og forenkling er utruleg verdifullt. Han har også et stort nettverk innan for forskings og utviklingsfeltet som gjer at vi kan halde trykket opp på mange viktige utviklingsprosessar samstundes.
- Dette ville eg fordjupe meg 100 prosent i
Asbjørn Dyrkorn Løland fra Hyllestad starta i sin nye jobb i Bulandet Miljøfisk 1. oktober, og fortel at gjennom hans tidlegare jobb i Avahub har han vore tett på prosjektet til Bulandet Miljøfisk sidan 2017.
- Eg har vore med frå oppstarten av prosjekteringsarbeidet og hatt særleg ansvar for å bidra med fagkunnskap innan biologi og fiskehelse. Dei siste åra har pilotprosjektet sikkert utgjort rundt 50 prosent av kvardagen min. Då det kom fisk i anlegget i mai 2022, og all teorien omkring biologi med eitt kunne målast og erfarast i praksis, då kjende eg at eg dette ville eg fordjupe meg 100 prosent i.
38-åringen har ein master i fiskehelse og er utdanna fiskehelsebiolog.
- Som nyutdanna fiskehelsebiolog fekk eg i 2010 ein pangstart på karrieren ved å få jobb i utviklingsavdelinga til EWOS. Der arbeidde eg i skjeringspunktet mellom FOU og marknad, med fokus på funksjonelle fôr og medisinfôr. Etter fire år byrja eg i PHARMAQ Analytiq, også der med fokus på utviklingsarbeid og marknadsarbeid. Me utvikla nye diagnostiske verktøy for oppdrettsnæringa og bidrog med kunnskap innan fiskehelse og smitteovervåkning, opplyser Løland.
- Lærerike år
I 2017 byrja Løland som dagleg leiar i Akvahub, og tok med familien sin heim til Hyllestad året etter.
- Desse fem åra i Akvahub har vore ekstremt lærerike og gjevande då ein har bidrege til arbeidsplassar innan nye og spennande havbruksteknologi ute i distriktet. Ein får kjenne på kor krevjande det er å bygge opp noko, og gleda ein får av å lukkast. Arbeidet ein legg ned i å bygge selskap i distriktet vert mykje meir synleg og betyr mykje meir for lokalsamfunnet enn om ein hadde gjort tilsvarande inne i byen. Det har vore ein stor motivasjonsfaktor for meg, seier han.
Som leiar for forsking og utvikling i selskapet ynskjer Løland å legge til rette for at organisasjonen til ein kvar tid har tilgang på oppdatert kunnskap omkring det å tilby fisken deira optimale forhold for fiskehelse og tilvekst.
- Der vi manglar kunnskap skal eg bidra til at me får generert den kunnskapen som trengs saman med dei rette fagmiljøa. Eg ser også veldig fram til å få lov å formidle og bidra til å implementere denne kunnskapen i teamet vårt, seier den nye FoU-sjefen avslutningsvis.