Thomas Netland er ny i Mowi.

– Det er eit stort fokus på å få fram større smolt, og det må Mowi vera med på

Kvinnheringen Thomas Netland er ny produksjonssjef ferskvatn i region nord for Mowi, og skal jobbe tett på smoltproduksjonen til oppdretts­selskapet. 

Publisert Sist oppdatert

Thomas Netland (30) starta i Mowi 3. september, og er tilsett som produksjonssjef ferskvatn.

– Eg har fått overordna ansvar for produksjon av smolt i Mowi region Nord. Dei viktigaste oppgåvene mine blir i lag med teamet eg jobbar med, der me skal sørgje for at me produserer ein så robust og god smolt som mogleg, på ein økonomisk måte. Så skal me også rigga oss godt for måten det skal produserast fram smolt på i framtida, fortel han til Kyst.no.

Jobben i nord vil gjere at 30-åringen vil pendle ein del til Mowi Nord sine totalt seks smoltanlegg, og dessutan jobbe ein del frå heimekontor.

Netland som kjem frå Hatlestrand i Kvinnherad kommune har jobba 10 år på ferskvassanlegg som TAF-elev, TAF-lærling, driftsoperatør og assisterande driftsleiar i Mowi, før han dei siste fire åra har jobba i Bolaks, som er eit familieeigd selskap lokalisert i Bjørnafjorden i Vestland.

– Der har eg jobba som driftsleiar for stamfisk og rogn, konstituert/assisterande produksjonsleiar i Bolaks, og dessutan produksjonsleiar for Bolaks Land (postsmolt). Eg har fått stor tillit og utvikla meg mykje i Bolaks, det set eg stor pris på. No er eg altså tilbake i Mowi, seier Kvinnheringen.

Han vil jobba i team saman med seks andre driftsleiarar i Mowi og 1,5 årsverk på prosjektleiing. 

– Samstundes så samarbeidas det også tett med fiskehelseavdelinga til Mowi, opplyser han.

– Alltid rom for forbetring

30-åringen seier at Mowi Nord produserer allereie ein god smolt, men påpeiker at det er alltid rom for forbetring og utvikling i alle ledd i biologisk produksjon. 

– Eg ynskjer å løfte produksjonen enda eit hakk, der stor smolt som presterer godt frå dag 1 i sjø, med høg grad av overlevelse og robustheit til å tole eventuelle håndteringer, der mest mogleg individ kjem til slaktebenken. Det er eitt stort fokus på å få fram større smolt, og det må Mowi vera med på. Men det skal samtidig ikkje gå ut over kvaliteten, påpeiker han.

Netland har fagbrev i akvakultur og ein bachelor i management. Interessa for havbruk og fisk fekk han tidleg. 

– Eg har alltid hatt interesse for jakt, fiske, sjøen og friluft. Samtidig så liker eg utfordringar. Då passar jo dette yrket perfekt, fortel han.