Starta arbeidet i vår – no er den fyrste smolten allereie på plass
I det nyrestaurerte smoltanlegget til Eide Smolt i Kvinnherad sym no den fyrste fisken i kara. Anlegget skal bidra til at oppdrettsselskapet vert meir sjølvforsynt med smolt.
Eide Smolt kjøpte anlegget til Lerøy Sjøtroll i Sunndal i Kvinnherad kommune tilbake i 2022, og i april 2024 starta byggjearbeidet opp. Dette er det andre smoltanlegget som selskapet har etablert i kommunen, der Ænes Inkubator var det fyrste.
Det er Artec Aqua og byggherren H2 Hardanger som bygger anlegget, som etter planen skal ferdigstillast før det nye året smell i gong.
Smolten allereie på plass
Eide skriv på Facebook at den fyrste smolten har blitt overført frå Eidestøa i Eikelandsosen til Sundal i Kvinnherad kommune 15. november.
– Flyttinga har gått særs bra, og fisken ser ut til å trivast godt. Det vert spanande dagar for både fisk og tilsette i Sundal framover, skriv oppdrettsselskapet.
Det nye settefiskanlegget inneheld seks oppdrettskar som står utandørs. Kara har ein diameter på 12 meter og eit totalt volum på 2580 m³.
Det er òg eit teknisk rom på om lag 200 m² for vassbehandling, som inneheld filtrering, UV-behandling og ozonering.
Hybrid-anlegg
Teknologien som smoltprodusenten har valt, er eitt hybrid gjennomstrømsanlegg levert av Artec Aqua, med moglegheit for gjenbruk av inntil 65 % av vatnet.
Det nye anlegget vil vere ganske likt som smoltanlegga i Eidestøa og på Lialaks.
– Totalt har me no tre eigne smoltanlegg og er deleigar i eitt, har prosjektkoordinator Hans Martin Eide i Eide Fjordbruk tidlegare uttalt.
På anlegget i Mauranger har dei per i dag løyve til å produsere inntil to millionar smolt årleg, men verken areal eller vasstilgang avgrensar moglegheita for meir produksjon.
Eide har tidlegare opplyst at dei i fyrste omgang vil ha fire tilsette ved anlegget.